|
|
Education for All and Multigrade Teaching Challenges and Oppurtunities Angela Little(Ed.) Omtale av høgskulelektor Kristoffer Melheim |
|
|
Multigrade lærar: Ein lærar som i same tidsperiode underviser elevar frå to eller fleire årskull. Monograde lærar: Ein lærar som underviser elevar i eit bestemt årskull I denne omtalen vil eg ta med nokre moment som er aktuelle for opplæring i aldersblanda grupper i landet vårt. Multigrade forkortar eg til M/G. Angela Little til A.L.
KVIFOR MULTIGRADE I DET 21. ÅRHUNDRE? A.L. peikar på 11 grunnar, dei ti første går på at det av ulike grunnar er nødvendig (spreidd busetnad, få elevar.....) og at det er fleire klassar enn lærarar, medan den siste viser til at elevane er organiserte i aldersblanda grupper av pedagogiske grunnar. M/G er synleg for dei elevane og lærarane som lærer og underviser, men usynleg for dei som planlegg, utarbeidar læreplanar og driv lærarutdanning. Denne boka vil gjere det usynlege synleg. LÆREPLANAR OG M/G
Det same tema i same faget for alle elevane. Elevane på kvart trinn engasjerer seg så i læringsoppgåver som høver til sitt læringsnivå. Dette må bli ein del av det lokale arbeidet i landet vårt. Læraren underviser klassetrinn etter tur, som dei var aldersdelte. Elevane følgjer det same eller ulike fag på same tid. Læraren må dele tida likt mellom klassetrinna, og velje fag eller oppgåver i faget som krev ulike nivå av lærarkontakt.Det er vel slik me praktiserer det i typiske progresjonsfag. Strategien avheng meir på eleven og læremateriellet enn på lærarinput. Fagplanen er sjølvstudier med læringsrettleiing. Elevane arbeider seg gjennom desse i sitt eige tempo med stolte frå læraren og strukturerte vurderingsoppgåver. Læring er konstruert som å involvere vin relasjon mellom eleven, læremateriellet og læraren. A.L. drøftar ulik bruk av lærartid. frå den der læraren kun underviser eit trinn om gongen, og tek ulikt ansvar for dei andre trinna. Somme stader går elevane på sjølvstyr, andre stader får dei oppgåver, ofte sjølvinstruerande og har lærarblikket heile tida. At elevane får same lærarinput i tema eller fag, og så ulike oppgåver og det er forventa ulikt resultat er også ein mykje brukt strategi mange stader. Vår norske modell med klar deling av fag i faggrupper (progresjonsfag, fag med emnebyteplan og praktiske og estetiske fag) finst det også tilløp til, men eg kan ikkje sjå det nokon stad så systematisk som hjå oss. FORANDRE LÆREMATERIELLET OG INNVERKNADEN TIL ELEVANE A.L viser til fleire land (Colombia, India) der det er blitt utvikla materiell som kan brukast til individuell og gruppeaktiv læring, og der eleven sjølv har stor innverknad på val av oppgåver, Dette gjer læraren i stand til å bruke mykje tid på somme grupper av elevar [nedan andre arbeider aleine, i par eller i små grupper. Sjølstudiemateriell må ha god kvalitet, må bli brukt av læraren som ein del av ein integrert undervisningsstrategi, der læraren spelar ei viktig rolle. Ein konklusjon frå studier i mange land er at lærarane treng støtte for å planlegge og reorganisere læreplanen. Det må byggjast ei profesjonell bru mellom det nasjonale og det lokale. LÆRINGSUTBYTTE Kognitive utbytte: Sosiale og personlege utbyte LÆRAROPPFATNINGAR Lærarane i London har lista opp nokre fordelar med M/G:
ETABLERING AV UNDERVISNING OG LÆRING Læraren er nøkkelpersonen. Korleis kan lærar bli førebudde og motiverte til å arbeide M/G:
NOKRE KONKLUSJONAR A.L. SINE: I utvikling av M/G, er det fire område som det må arbeidast med:
Og strategien må veren arbeide med desse på ulike måtar enten gravis eller som ei fullstendig reform på alle område. MINE KONKLUSJONAR Kunnskapsløftet (L06} med kompetanemål for trinn er ok. sett ut frå vår synsvinkel. I det lokale arbeidet må det arbeidast på fleire område. Dersom me framleis skal ha delinga i tre faggrupper, må det både i fag med emnebyteplan og praktiske og estetiske fag, arbeidet med at årskulla arbeider med same tema samtidig. Læraren kan såleis gi ei felles innføring til alle og så differensiere med oppgåver og krav. Sjølvinstruerande oppgåver og utnytte det at elevane kan rettleie kvarandre bør brukast så lang råd er. Eg lurer på om dei som har utarbeidd læreplanane også denne gongen ventar at dette må lærarane i skular med aldersblanding greie sjølve. Det føreligg ikkje noko utviklingsarbeid eller initiativ frå t.d. Utdanningsdirektoratet på området. Her er 40% av skulane i Noreg i same situasjonen som M/G skular i dei fleste andre lang: USYNLEGE Lærarutdanning er eit svakt punkt hjå oss. Korkje gjennom teori eller praksis er det utarbeidd systematiske program som førebur dei kommande lærarane for arbeid i aldersblanda klassar. Læremateriell finst det ein del av, men det er ikkje utarbeidd noko oversikt over kva som er spesielt tilpassa eller eigna for aldersblanda grupper.
|