Nærmiljøet som klasserom

Uteskole i teori og praksis
Cappelen 2003Arne N. Jordet

Bokmelding av høgskulelektor Kristoffer Melheim

Innleiing

Uteskule er i dag på mange måtar eit moteord, og berre på biblioteket på Høgskulen i Sogn og Fjordane fekk eg 149 treff då eg søkte på uteskulebøker. Mange av dei gir gode metodiske tips i ulike fag. Når eg skal omtale ei bok som eg vil tilrå, endar eg likevel opp med ei bok som første gong vart gitt ut for 8 år sidan og som sidan har komme i fleire opplag. Eg sit med 4. opplag frå 2003. Dette viser at boka er etterspurd, og med god grunn. Inga anna bok gir etter det eg har sett så grundig innføring i det å bruke nærmiljøet som klasserom. Her er både praktiske tips og teoretiske drøftingar.

Om dei tre hovuddelane

Boka er delt opp i tre delar. I del 1 drøftar forfattaren korleis uteskule kan vere ein impuls til å fornye skulen. Uteskule handlar om å aktivisere alle skulefaga i ei integrert undervisning der ute- og inneaktivitetar har nær samanheng, i det elevane lærar om verkelege ting i det verkelege liv; dvs. om naturen i naturen og om nærmiljøet i nærmiljøet.

Del 2 tek opp teoriar og tankar bak uteskule. Skal uteskule få gjennomslag i skulen, må den kunna grunngjevast på fleire plan. Og her blir uteskule først sett inn i eit samfunnsperspektiv, så drøfta i forhold til læreplanverket og til sist i læringspsykologisk og pedagogisk perspektiv. Når det gjeld læreplanverket blir L97 nytta, men stort sett den generelle delen som også gjeld i Kunnskapsløftet, og såleis like aktuelt i dag.

Del 3 omhandlar uteskule i praksis. Denne delen byggjer på forfattaren sitt samarbeid med ein skule gjennom to år. Det finst ingen fasitsvar på korleis uteskule bør gjennomførast i praksis. Kvar einkelt skule må finne sine løysingar ut frå både lærarane sine føresetnader og det lokalmiljøet skulen ligg i. Boka gir heller ikkje detaljerte råd og presenterer ingen endelege "sanningar" om uteskule. Derimot er det forfattaren sitt råd at boka kan motivere lærarar til å prøve uteskule som arbeidsmåte i si eiga undervisning, og det synest eg forfattaren har lukkast godt med.

Sluttord

Born og unge bruker i dag meir tid på skule og utdanning enn nokonsinne tidlegare, rekna både i timetal pr. dag og år. Men kva fyller me tida med?

Tom Tiller kjem med denne påstanden i boka: Den andre dagen: "Det virkelige livet har for liten plass i skolen. Skolen kommer til å sprenges innenfra hvis livsrommet fortrenges ytterligere"

Boka "Nærmiljøet som klasserom" gir både praktiske råd og teoretiske grunngjevingar for korleis og kvifor ein skal drive uteskule. Boka er eigna både lærarar, lærarstudentar og skuleleiarar som er opptekne av å gje det verkeleg livet meir plass i opplæringa. For dei som vil gå meir i djupna i bruk av nærmiljøet i ulike fag, finst det i tillegg ei rekkje bøker som tek føre seg korleis ein kan bruke nærmiljøet i dei fleste av faga i grunnopplæringa.