VI VIL HA SKULEN VÅR

 

vvhsv2.jpg (5865 bytes)



Valsvik skule,
Vik i Sogn
vvhsv1.jpg (7572 bytes)

INNHALD

Føreord

Del 1. Presentasjon av grendeskulane

1.1 Klassedeling og statistikk
1.2 Kvalitetar og særpreg

Del 2. Argument for å oppretthalde ein skule.

2.1 For elevane
2.2 For bygda
2.3 For skulen
2.4 For samfunnet

Del 3. Grendeskulane er godt eigna til å realisere L97

3.1. Lokal tilpassing
3.2. Individuell tilpassing
3.3. Oppvekst og læringsmiljøet
3.4. Skulen og lokalsamfunnet
3.5. Samarbeid i skulen

3.6. Eigenarten til hovudstega
3.7. Den aktive, handlande og sjølvstendige elev
3.8. Læremiddel, skulebibliotek og IT
3.9. Tema-og prosjektarbeid
3.10. Aldersblanda og frie aktivitetar
3.11. Skulen og elevane sine val

Del 4 . Krav til saksutgreiinga i skulenedleggingssaker

Kontakt LUFS

Del 5. Strategi mot nedlegging av skular

Kontakt LUFS

Del
6. Gjeldande forvaltningsreglar


VI VIL HA SKULEN VÅR

Føreord

Målgruppe for dette heftet er alle som er opptekne av å oppretthalde eit desentralisert skulemønster i landet vårt. Heftet er skrive slik at fleire grupper skal ha nytte av det:

Heftet har fleire heilt klare føremål:

I 1947 skreiv Martin Strømnes boka "Tidsskifte i landsfolkeskulen" der han tok eit oppgjer med den sterke sentraliseringa av skulen i den første etterkrigstida. Erling Kristvik skreiv i føreordet til denne boka: "Eit skuleverk kan ikkje skapast berre av administrasjonsekspertar, av bygningsingeniørar, av finanspolitikarar. Strømnes krev også at det blir teke omsyn til barneliv og folkeliv, til sjelehelse og kulturvilkår. Desse orda er like gyldige i dag, og etter ein stabiliseringsperiode frå 1970 og fram til 1985, har vi dei siste åra sett ein dramatisk auke i skulesentraliseringa, og 40-50 skular blir lagde ned kvart år. Argumentasjonen til Strømnes i 1947 var tilpassa den Normalplanen ein då hadde og den samfunnssituasjonen som då rådde. Sidan den gong har vi fått fleire nye læreplanar. Samfunnet er også eit anna, men framleis kan vi finna solid dokumentasjon for at bygdene må få behalda skulane sine. Dei nye planane og samfunnet slik det er i dag, krev likevel ein annan argumentasjon mot nedlegging av skular, og det er det dette heftet vil prøva å gje.

vvhsv11.jpg (6048 bytes)Mollandsmarki skule i Luster -
1952 -1961
vvhsv13.jpg (5837 bytes)Ugulen skule i Luster -
i drift 1865-1962

Heftet er vorte til i eit samarbeid mellom LUFS og Norsk Lærarlag, og er ført i pennen av

Dagfred Berstad, 6750 Stadlandet, Norsk Lærarlag

Gunnar Skjølberg, 6910 Bremanger, LUFS

Kristoffer Melheim, 6873 Marifjøra, LUFS

 


Del 1. Presentasjon av grendeskulane

"Grendaskulane - framtida sin kvalitetsskule"

(Sitat: Bergens Tidende, september 1996) Jon Lilletun, leiar i Kyrkje og undervisningskomiteen 1993-199, statsråd frå 1997.

1.1. Klassedeling og statistikk

Små skular, fådelte skular, grendeskular – omgrepa blir brukte om kvarandre. Alle har det til felles at det er snakk om små einingar. I dette heftet blir grendeskulane mest brukt. Det beste kjenneteiknet på ein grendeskule er aldersblandinga - at minst ein klasse ved skulen har elevar frå to årskull. Elles er dei grendeskulane svært ulike. Dei kan ha frå 2 til langt over 100 elevar, og frå 2 til 10 årskull i klassen.

Lov om grunnskulen og vidaregåande opplæring (opplæringslova), gjeldande frå hausten 1999, har reglar om maksimal skule- og klassestorleik. Reglane om maksimal klassestorleik er dei same som i dag. Det same gjeld regelen om tilrådd maksimalstorleik for grunnskular. Det er ikkje opna for aldersblanding meir generelt. I staden blir dei reglane som gjaldt ved fådelte skular, førte vidare med enkelte mindre endringar. Vidare opnar lova for aldersblanding innafor hovudstega der dette er grunna omsynet til elevane.

Reglar for klassedeling i. § 8.3.:

"Når skoleåret tek til, kan ein klasse i grunnskolen ikkje ha meir enn

Dette er ei vidareføring av tidlegare reglar med presisering av at det er elevtalet ved starten av skuleåret som skal liggje til grunn for klassedeling, og at ein auke i elevtalet i skuleåret ikkje medfører ny klassedeling. Det er også vert å merka seg at når det er to eller fleire årskull i klassen, skal årskulla i klassen vere samanhengande dersom skulen har elevar i årskulla.

Reglane for klassedeling har etter det ein kan sjå, ikkje medført endringar for udelte og todelte skular 1.-7. skular, medan det for dei andre skuleslaga er reglane for maksimal elevtal i klassar med fleire årskull som er styrande for kor mange klassar det vert ved skulen. Ein skule vil vere tredelt når den har tre klassar, firdelt når den har fire osb. For dei største fådelte skulane kan eit viktig rundskriv få konsekvens. Det seier at når det er meir enn 18 elevar i ei undervisningsgruppe der 6-åringane er med, skal det inn ein ekstra pedagog.

Statistikk

Me finn grendeskulane overalt i landet. Oversikt over grendeskular i 1997/1998 skulle her tala for seg sjølv. Skulane omfattar både 1.-3., 1.-4., 1.-7., 1.-8 og 1.-10. skulår:

Akershus: 22 skular 86 klassar 1235 elevar
Aust-Agder: 35 skular 120 klassar   1706 elevar
Buskerud: 43 skular 184 klassar 2578 elevar
Finnmark: 67 skular 234 klassar 2623 elevar
Hedmark: 67 skular 272 klassar   4022 elevar
Hordaland: 166 skular 651 klassar 9731 elevar
Møre og Romsdal: 172 skular 628 klassar 8648 elevar
Nord-Trøndelag:   66 skular 261 klassar 3492 elevar
Nordland: 180 skular 653 klassar   8248 elevar
Oppland: 77 skular   318 klassar 4594 elevar
Oslo: 10 skular 49 klassar 733 elevar
Rogaland:   69 skular 277 klassar 3645 elevar
Sogn og Fjordane: 108 skular   363 klassar 3542 elevar
Sør-Trøndelag: 71 skular 262 klassar 3542 elevar
Telemark: 67 skular 247 klassar 3401 elevar
Troms: 101 skular 422 klassar 5403 elevar
Vest-Agder: 31 skular 116 klassar 1714 elevar
Vestfold: 22 skular 90 klassar 1400 elevar
Østfold: 10 skular 46 klassar 668 elevar
Totalt: 1384 skular 5279 klassar 72176 elevar

Som ein ser er det 1384 grendeskular i alt.

Ca. 20 % av elevane på barnesteget går i grendeskular. Nærare 1/3 av lærarane på barnesteget har arbeidet sitt i skuleslaget. Det er over 70000 elevar i grendeskular og det er fleire elevar enn i Oslo og Bergen til saman.

Prosentvis har Sogn og Fjordane flest grendeskular: 9 av 10, og 40 % av elevane går i grendeskular. Flest grendeskular har Nordland, og flest elevar i grendeskular har Hordaland.

1.2. Kvalitetar og særpreg

I denne delen skal det knytast merksemd til nokre kvalitetar ved grendeskular, som pregar dette skuleslaget og gjer at det er eit viktig skuleslag i dagens samfunn. Det viktigaste er truleg at dei små skulane er spesielt godt eigna til å imøtekomme dei behova elevane har. Desse behova er knytt både til den faglege og sosiale utviklinga og til behov for vaksenkontakt og omsorg. Grunnlaget for dette ligg i at på ein liten skule er ingen elev til overs, og at elevane går i klassar med både eldre og yngre.

Elevtalet kan variere sterkt, frå 2 til over 100. Likevel er det eit særpreg at alle grendeskular har færre elevar. Færre elevar totalt på skulen og færre elevar pr. lærar. Dette gjer at elevane blir lettare aktiviserte, og mindre bortgøymde enn på store skular.

I leik og samvær er alle elevane nødvendige. For å kunne fylle rollene på eit fotballag må yngre og eldre, jenter og gutar vere med. For at leiken skal fungere må dei yngre lære spelereglane, og dei eldre må ta omsyn til dei yngre og lære dei opp.

vvhsv4.jpg (5239 bytes)Lismarka skole i Ringsaker. Her er det leik i aldersblanda grupper i friminutta i april 1999.

I timane i klasserommet blir ingen elev borte. Mange av oss har opplevd at vi i store klassar har kunna sitja heile timar og dagar utan at læraren har lagt merke til oss, dersom vi ikkje har laga bråk og forstyrra undervisninga. Vi har kunna gøyma oss vekk i den store massen. På små skular er det umogeleg å gøyma seg vekk. Alle lærarane kjenner alle elevane med dei føremonane det har både ute og inne. I klasserommet med fleire årskull er det som nemnt færre elevar. Læraren har såleis meir tid til kvar einskild elev, og det blir meir tid til individuell rettleiing. I slike mindre grupper blir det og lagt merke til om ein elev er borte ein dag - ingen elev er til overs.

Ein skal ikkje sjå bort frå at det konstante lærarblikket kan vere ei ulempe for einskilde elevar, om læraren krev at elevane skal vere interesserte og aktive heile tida. Elevane kan stundom ha behov for å "gøyme seg bort", og ikkje vere 100% effektiv alle skuletimane.

Grendeskular har færre elevar pr. lærar enn store skular. Dermed får kvar elev meir vaksenkontakt. For mange elevar er dette viktig for utviklinga deira. Dei siste ti-åra har familien og samfunnet endra seg og ein konsekvens er at det har vorte stadig mindre kontakt mellom born og vaksne, og mellom born med ulik alder. Begge delar er uheldig for den sosiale utviklinga til borna. På små skular med aldersblanding er det til ein viss grad mogeleg å kompensere for dette.

vvhsv7.jpg (6620 bytes)Solvorn skule og barnehage i Luster

Dagens born treng meir enn nokon gong ein skule som kan vise til eit skikkeleg omsorgsansvar, og her har også grendeskulane eit av sine store fortrinn. Elevane har som nemnt meir vaksenkontakt på ein liten skule, fordi det er færre elevar pr. lærar. Dessutan kjenner alle lærarane alle elevane og omvendt. Det blir ikkje berre klassestyraren/klasselæraren som kan ta seg av eleven. Dessutan gir sjølve organiseringsforma med aldersblanding naturlege situasjonar for omsorgs- og ansvarslæring. Dei eldre elevane får høve til å vise omsorg for yngre medelevar, og ikkje berre leiker og kjæledyr. Rollene til elevane skifter med alder, frå å vere yngst og mottakar for omsorg, til å vere eldst og den som kan gje omsorg til medelevar.

Å komma seg gjennom grunnskulen med eit fagleg godt utbytte og med ei god sosial utvikling er i dag heilt vesentleg for å kunna bli aktive deltakarar i yrkes- og samfunnsliv. På begge desse områda har dei små skulane gode førsetnader for å gje elevane ein god start i livet.

Ut frå det som finst av dokumentasjon, kan ein slå fast at dei små skulane gir elevane eit like godt fagleg utbytte som store skular. I sluttrapporten frå Skulelokaliseringsprosjektet ved Møreforsking har forskarane gjennomgått mykje av den internasjonale litteraturen på feltet, og konklusjonane er at det andre faktorar enn skulestorleik som er avgjerande. Til dømes er elevprestasjonane sterkt påverka av elevane sin foreldrebakgrunn. Likevel peikar forskinga i retning av at små klassar har ein fordel framfor store når det gjeld kunnskapstileigninga i lesing og matematikk. Dei seier også at små skular er ingen garanti for betre resultat i kunnskapstileigninga, men dei representerer eit større potensiale, dei har større sjansar for å gi gode resultat. ( frå rapporten: Krinsar i krise? s.81). Forskinga i Sverige, Danmark og USA når det gjeld aldersblanding, er udelt positive til faglege utbyttet ved aldersblanding. Goodlad og Nissen (i Nissen og Egelund: "Undervisning på tvers av klassetrinn, 1986") slår fast at barn som har gått i ikkje årgangsdelt skule (aldersblanda) på alle område viste seg å vere klårt betre enn barna dei vart samanlikna med. Årsaka til dette ligg i blant anna at ungane lærer mykje av kvarandre. Dette er noko som professor Jon Roar Bjørkvold sterkt understrekar i boka "Det musiske mennesket, 1989". Nokre sitat frå boka:

"Aldersblanding i pedagogisk arbeid er den naturlege, opprinnelege måten å gruppere barn på......
Ungar har lært av kvarandre og av vaksne med nettopp aldersforskjellar som ei viktig drivkraft"

Når det gjeld den sosiale utviklinga er det somme som trur at dei små skulane tilbyr elevane sin eit magrare sosialt miljø. Det har vorte eksemplifisere ved å hevde at ei handfull elevar ikkje kan stable på beina eit fotballag, ein skulerevy eller eit blandakor. Dersom ein med fotballag tenkje eit lag med 11 jamgamle ungar av same kjønn, så er det rett, men dersom ein ser på aktivitetane ungane driv med i friminutta, så finn ein noko heilt anna..

vvhsv10.jpg (6152 bytes)Livdtun skule, 4-delt, i Luster. Juleverkstad med foreldre og besteforeldre som hjelparar.

Kvalsund i det før nemnde Skulelokaliseringsprosjektet ved Møreforsking fann tvert imot at fotball er den dominerande aktiviteten i friminutta, og langt meir utbreidd ved dei små enn ved dei store skulane. Ved dei små skulane deltok alle, både små og store, gutar og jenter, med dei føremonane det har for sosial læring. Ved dei store skulane var det stort sett klasselag, og når elevane laut venta til det vart deira tur til å ha bana, så stod dei saman og prata i små grupper av same og kjønn og alder. Det verkelege sosiale miljøet som elevane møter er såleis i følgje Kvalsund magrast ved store skular. I doktoravhandlinga si seier i Kvalsund i oppsummeringa, s.377:

"Dei fådelte skulane har derfor gjennom sin storleik og delingsform spesielle rammevilkår for sosialiseringskvalitetar som er sentrale om vi ser på lover, skulepolitiske dokument, målsettingar og retningslinjer for den norske grunnskulen. Slike vilkår vil i det minste bli svært krevjande å realisere i større skuleeiningar. Derfor vil kvalitetane etter alt sannsyn bli borte ved sentraliserande strukturendringar i den norske grunnskulen. Det er såleis vanskeleg å kome utanom at sentraliserande strukturendringar har vesentlege sosiale kostnader"

Men bak statistikken som fortel om at i gjennomsnitt er den sosiale utviklinga godt ivareteken på ein liten skule, så kan det finnast enkeltelevar som får mangelfull sosial kontakt. Det gjeld særleg på dei aller minste skulane. Aldersblandinga og venskap på tvers av alder og kjønn gjer at elevane kan ha det trygt og godt dei første åra, men når elevane kjem opp i 6.-7. klasse veit vi frå utviklingspsykologien at særleg ein del jenter har behov for jamaldringar av same kjønn, og då vil den jenta som er åleine jente i 6. og 7. klasse kjenne seg isolert og åleine. Endå tydlegare vil det vere på ungdomssteget.

Aldersblandinga er gunstig fordi det blir mindre samanlikning og konkurranse med jamaldringar, men her og kan det vere enkeltelevar som får problem. Det gjeld spesielt dei svakaste som vil kunne oppleve at elevar som er to til tre år yngre går forbi dei i kunnskap på fleire område.

vvhsv7.jpg (6620 bytes)Ljøsne skule i Lærdal kommune

Grendeskulane har også fleire kvalitetar i høve til lokalsamfunnet.

Grunnskulen er gjennom L97 pålagde fleire oppgåver i og for lokalsamfunnet:

" Skulen har eit medansvar for å skape eit godt oppvekstmiljø for barn og unge" (s. 55).

"Skulen skal vere ein aktiv og levande kulturinstitusjon i lokalsamfunnet" (s.61).

Det er eit felles særpreg ved alle grendeskular at dei tek på alvor det å vere ein skule i og for lokalsamfunnet, og noko som det ligg godt til rette for dette når skulen ligg i eit oversiktleg og klart avgrensa lokalsamfunn. Dette har fleire sider, der undervisningsdelen kanskje ikkje er den viktigaste, sjølv om den er sterkt framheva gjennom kravet i L97 om å drive med lokalorientert undervisning.

I følgje L97 må skulen dra nytte av nærmiljøet og lokalsamfunnet for å eksemplifisere, konkretisere og utfylle læreplanane for faga. Dette er ei pålagd oppgåve for alle skular:

"I opplæringa må lokalsamfunnet nyttast på ein aktiv måte." (L97 s. 61).

Dei fysiske avstandane kan ofte vere store ved små skular, men lokalmiljøet er likevel meir oversiktleg og kjent enn i meir tettbygde område. Dessutan er som nemnt kontakten med heimane betre, og det gjer samarbeidet med foreldra enklare. Heile bygda tek som regel meir ansvar for skulen. Organisering i aldersblanda grupper gjer at dei eldre elevane kan ta ansvar for dei yngre, og dei yngste elevane kan såleis tidlegare "sleppast lause" i lokalmiljøet.

Alt dette gjer lokalorientret undervisning lettare. Lærestoff kan hentast utafor skulestova. Dette kan gjerast av elevane åleine, eller saman med lærar. Læringsgrunnlaget er kjent frå eigen kvardag. Ein kan gå frå det nære og kjende, til det fjerne og ukjende.

For å seie det kort kan ein dra skulen ut i lokalsamfunnet og lokalsamfunnet inn i skulen.

Då kan ein unngå den situasjonen som forfattar og lærar på Berge skule i Lærdal, Johan Fjellby skriv om i dette vesle diktet i boka: Av ord er du kommen::

"Sambandsbrot

Det er ikkje rart
at mange blir historielause
når me sender framtida i barnehage
og erfaringa på aldersheim"

Samfunnet har lagt opp til ordningar som ofte medfører slike "sambandsbrot". Grendeskulane kan bøte noko på dette på fleire måtar:

vvhsv13.jpg (5837 bytes) Veitastrond skule i Luster kommune. Frå å vera "rein skule" i skulebygningen i midten, er den utvida med barnehage til venstre og "samfunnshus" til høgre.

 


Del 2. Argument for å oppretthalde ein skule.

2.1. For elevane

1. MEIR VAKSENKONTAKT PÅ EIN LITEN SKULE.

I ei tid då det frå ulike hald blir peika på at ungane har for liten vaksenkontakt, er dette eit viktig argument.

Kvart år ringjer mange barn til Barnas krisetelefon, og eit av hovudproblema er omsorgssvikt og mangel på vaksenkontakt.

Ungane våre er ikkje robotar som ein kan dytta på kunnskap, men levande og ulike menneske som har behov for kontakt og samvær med andre menneske.

2. TRYGT OG GODT MILJØ

3. GOD OPPLÆRING

4. OMSORG OG SAMARBEID

5. LOKALBASERT LÆRING

Eit kjent og fysisk avgrensa lokalmiljø gjer det mogeleg:

6. MOTIVASJON

7. SKULEPRESTASJONAR OG INTELLEKTUELL UTVIKLING

Forsking syner og at yngre kan lære mykje av eldre elevar, og dra nytte av deira erfaringar og såleis raskare tileigna seg ny kunnskap, enn om dei berre er saman med jamaldringar eller vaksne.

8. FYSISK UTVIKLING

9. FRITID OG FRITIDSAKTIVITETAR

10. SKULE - HEIM - SAMARBEID

11. TRIVSEL OG DISIPLIN

Det blir naturleg at eldre elevar hjelper yngre elevar, og i aldersblanda gruppe er det mindre konkurranse og konflikt enn i aldershomogene grupper.

KONKLUSJON

For eleven er det vere ei rekkje føremonar å få gå på skule i si eiga heimbygd. Aldersblanding er naudsynt på små skular, og forsking syner no at elevane tener på vera i aldersblanda grupper både når det gjeld fagleg og sosial utvikling.

Og ungane treng ikkje bli "heimfødingar" fordi om dei går på skule i heimbygda. Tvertimot treng dei ein trygg ståstad med røter for å ha evne til å sjå utover og bli verdsborgarar.

2.2. For bygda

POSITIVE SIDER VED AT EI BYGD HAR SKULE

1. SKULEN GJEV BYGDA IDENTITET

2. SKULEN ER EIN INSPIRATOR FOR UTVIKLING I BYGDA

3. SKULEN ER EIT KULTURSENTER I BYGDA

vvhsv5.jpg (5803 bytes)
Skulen som samlingsplass i Jostedal i Luster






4. SKULEN ER VIKTIG FOR FRITIDSAKTIVITETAR

5. SKULEBYGNINGEN ER EIN FELLESERESSURS

6. SKULEN KAN VERE UTGANGSPUNKT FOR EIT BREIARE TENESTETILBOD I BYGDA

7. SKULEN ER VIKTIG FOR REKRUTTTERING AV ARBEIDSKRAFT

 

UHELDIGE SIDER VED Å LEGGJA NED SKULEN

1. UTKANTNOREG IKKJE NOKO Å SATSE PÅ

"Vi har ikkje noko å tilby dykk - reis bort".

2. FORELDRE MED SMÅBARN (SOM IKKJE ER FASTGRODDE) FLYTTER

3. BYGDA BLIR MINDRE ATTRAKTIV Å BUSETJE SEG I, SÆRLEG FOR YNGRE MENNESKE, OG FOR FAMILIAR MED SMÅBARN OG DET MEDFØRER FORGUBBING.

4. NÆRINGSVERSEMD I BYGDA (JORDBRUK, SMÅINDUSTRI OG FISKE) FÅR VANSKAR MED ARBEIDSKRAFT

5. NYETABLERING AV ARBEIDSPLASSAR BLIR VANSKELEG/UMOGELEG (I PRAKSIS SKJER DET ALDRI)

6. SAMARBEIDET SKULE - HEIM BLIR DÅRLEGARE NÅR DEN FYSISKE AVSTANDEN BLIR STØRRE:

7. SKULEN I KKJE LENGER BYGDA SIN SKULE

KONKLUSJON

Skulen er ved sida av vegen ofte den einaste offentlege investeringa i mange utkantbygder. Kommunane har ikkje investert seg bort i utkantane.

Ein skule gjev bygda ein samlingsplass - ein slepp å dra ut or bygda for å drive ei rekkje kulturelle og sosiale aktivitetar. Ved sida av arbeidsplassar er skulen den viktigaste føresetnaden for busetnad i mange utkantbygder.

Problemet i skulenedleggingsdebattar er at dette er "mjuke" verdiar som ikkje så lett let seg talfesta i saksutgreiingar.

Å leggja ned skulen vil føre til at bygda blir "dårlegare" å bu i for alle generasjonar, og særleg vil barn bli skadelidande.

Møreforsking sitt skulelokaliseringsprosjekt stadfestar mykje av dette. Det kan synast som om ikkje så mange småbarnsfamiliar vil flytta som ein kunne rekna med. Her kan økonomiske omsyn vere avgjerande fordi korkje arbeids- eller bustadsmarknaden er slik at det er lett å flytta.

Punkt 3 er stadfesta og på lang sikt er det svært alvorleg for mange utkantsamfunn at ungdom og unge familiar ikkje vil busetje seg der.

 

2.3. For skulen

NB! Det som er godt for skulen er godt for elevane.

1. LETT Å REALISERE EI REKKJE INTENSJONAR I LÆRELANEN

Ein har ved innføring av nye læreplanar sett at grendeskulane er fleksible og lett kan tilpasse seg nye krav og forventningar.

2. GRENDESKULAR GJEV GODE HØVE TIL PEDAGOGISK UTVIKLINGSARBEID:

3. LÆRARDEKKING

4. PEDAGOGISK NYBROTSARBEID SOM KAN KOMMA ALLE SKULAR TIL GODE:

2.4. For samfunnet

Utdanningssystemet har ei urban vinkling som fremjar flytting frå utkantstrok ved at ungdommar blir budde på og motivert for ei meir urban livsform. Jfr. Solstad: Riksskole i utkantstrøk(1978).

Fig. 1 Skjematisk framstilling av samanhengar mellom skole/utdanning og flytting frå

utkantstrok.

 

 

 

 

 

 

 

 

Dersom denne årsaksrekkja i nokon mon er rett, blir altså bygdene i særleg grad tappa for den delen av ungdommen som kunne vere best skikka til å ta på seg arbeidet med å byggje opp bygdesamfunnet økonomisk og kulturelt.

Nedlegging av skulen forsterkar desse tendensane.

Å ta frå ei bygd skulen er såleis ikkje berre eit tap for bygda og elevane, men også eit tap for storsamfunnet om det framleis ynskjer at det skal vere "levande" bygdesamfunn i Noreg.

Dei fleste politiske partia vil oppretthalde desentralisert busetjing, og skal dette vere meir enn vakre ord, er det heilt naudsynt at bygdene får behalde skulane sine.

KONKLUSJON PÅ DEL 2.

Som ein ser er det eit tap både for elevane, bygda, skulen og samfunnet at ein skule blir nedlagd. Det er viktig at alle desse konsekvensane kjem fram i ein diskusjon om nedlegging, og at ein ikkje først legg ned og så ser dei uheldige konsekvensane etterpå. Etterpåklokskap er her i mange tilfelle unødvendig fordi ein veit ein heil del om dei negative konsekvensane. Og alle treng ikkje gjera same tabbane.

 


Del 3. Grendeskulane er godt eigna til å realisere L97

I forarbeida og den endelege læreplanen ser ein at utgangspunktet nok ein gong er dei fulldelte skulane, og dei fådelte skulane må gjere sine eigne tilpassingar. Den strengare oppdelinga i mål og hovudmoment knytt til årssteg, kan i utgangspunktet synast meiningslaus for dei fådelte skulane, men her må det leggjast til at det i prinsippdelen står:

"I fådelte skular skal ein arbeide med det sentralt fastsette lærestoffet i den rekkjefølgja og på det årssteget som ein synest er best pedagogisk og mest praktisk innafor kvart hovudsteg".(L97, s.80-81)

Ut frå det me såg ved gjennomføringa av M87, er det grunn til å tru at dei fådelte skulane vil greie dette på ein utmerka måte, særleg dersom dei kan samarbeida og får noko hjelp i oppstartinga. På ei rekkje andre område er grendeskulane godt eigna til å realisere intensjonar og krav i den nye læreplanen. Vi skal kort kommentere nokre slike krav slik dei er formulerte i: "Prinsipp og retningslinjer for opplæringa i grunnskuledelen" (s.53-84).

3.1. Lokal tilpassing:

"Opplæringa må leggje vekt på å styrkje kunnskapen om og tilknytinga elevane har til lokalsamfunnet, naturen der, næringar, tradisjonar og levesett. Det krev eit breitt spekter av praktisk røynsle og aktivitetar, opplevingar og impulsar i lokalmiljøet." (L97,s. 58)

Dette er eitt av dei områda der dei små skulane som ligg der elevane bur og lever, har sin store styrke. Elevane kjenner lokalmiljøet og dei som bur der.

Det blir vidare sagt at det må skapast eit miljø der elevane saman med vaksne og saman med kvarandre tek del i ulike gjeremål. Mi erfaring er at i mange bygder finst det enno slike miljø, så skulen kan byggje på dei utan å måtta skapa dei.

Endeleg står det i denne delen at lokal forankring og identitet gir grunnlag for breiare forståing for allmenne trekk i ulike livsvilkår - uavhengig av kvar folk bur. I ei undersøking om lokal forankring i undervisninga fann Kristoffer Melheim (Melheim 1983) at di lengre skulen låg frå bygda der elevane budde, di mindre vart den lokale forankringa i undervisninga. Ut frå det ein veit frå røynsle og forsking, kan ein konkludere: Den viktigaste føresetnad for å få til den lokale forankring som læreplanen krev, er at skulen ligg der elevane bur.

3.2. Individuell tilpassing:

"Alle elevane, også dei med særlege vanskar eller særlege evner på ulike område, må få møte utfordringar som svarar til føresetnadene deira." (L97, s.58)

Dette er eit lovfesta prinsipp for heile verksemda i grunnskulen, og vi vil peika på tre tilhøve som gjer dei små skulane godt eigna til å stetta dette kravet:

1. I aldersblanda klassar har den individuelle tilpassinga vore vanleg fordi det innafor klassen er elevar som arbeider med ulikt lærestoff og i ulikt tempo. Det er mindre klasseundervisning og meir sjølvstendig individuelt arbeid, og det individuelle arbeidet må tilpassast føresetnadene til elevane.

2. Lærartettleiken er større fordi det inneber meirarbeid å planleggje og gjennomføre undervisning med fleire årskull i klassen. Føremonen for elevane er at læraren får meir tid til kvar einskild elev, og at den individuelle tilpassinga kan bli betre.

3. Bruk av elevane som hjelpelærarar som er ein aktuell metode i fådelt skule, kan ytterlegare styrke den individuelle tilpassinga.

3.3. Oppvekst og læringsmiljøet:

"Grunnskulen har eit særleg ansvar for å utvikle eit godt læringsmiljø og for å medverke til eit trygt og stimulerande oppvekstmiljø. Samarbeid i skulen og mellom skule, heim og nærmiljø er ein viktig føresetnad for ei slik utvikling." (L97, s.60)

På ein liten skule er miljøet meir trygt og oversiktleg, og skal skulen medverke til eit trygt oppvekstmiljø, må den finnast i bygda. Stimuleringa ligg i aldersblandinga som etter det ein veit i dag er gunstig både for fagleg, sosial og kulturell utvikling. Ei av dei sterke sidene ved grendeskulane er at dei ligg nær heimane i dobbel betydning.

Fleire forskingsrapportar, m.a. Kvalsund, Løvik og Myklebust ved Møreforsking konkluderer med at samarbeidet mellom heim og skule fungerer best i dei små miljøa:

"samarbeidet er tettast og mest slitesterkt i dei små skulekrinsane. I dei store skulekrinsane er det tendensar til at relasjonane raknar."(Møreforsking, rapport nr.9107, s. 261)

3.4. Skulen og lokalsamfunnet:

"Skulen skal vere ein aktiv og levande kulturinstitusjon i lokalsamfunnet...
I opplæringa må lokalsamfunnet nyttast på ein aktiv måte...
Det er viktig for lokalsamfunnet at det blir lagt til rettes for variert og allsidig bruk av skuleanlegget, slik at det vert ein samlingsstad for ulike kultur- og aktivitetstilbod." (L97, s.61)

Desse tre sitata kjem med sterke påbod til skulen, og den viktigaste føresetnad for å realisere desse påboda, er at skulen finst i lokalsamfunnet. Elles syner både erfaring og forsking dei små skulane i stor grad fyller desse krava. Skulen er i mange bygder ein samlingsstad for ei rekkje kultur- og aktivitetstilbod. Det kan også påvisast at når skulen forsvinn så bli mindre av lokalsamfunnet nytta i opplæringa, og skuleanlegget forfell.

3.5. Samarbeid i skulen

Fleire former for samarbeid blir her teke opp. Ei av sidene er samarbeid mellom elevar.

Læreplanen seier her direkte at samvær mellom aldersgrupper er ei kjelde til gjensidig læring, omsorg og ansvarskjensle. Dette er kvardagen i grendeskulane, og noko som ein ikkje treng å gjennomføre organisatoriske grep eller pedagogiske tiltak for realisere.

3.6. Eigenarten til hovudstega

Både på småskulesteget og mellomsteget kjem L97 med krav som høver som "hand i handske" for ein grendeskule. På småskulesteget er leik og aldersblanding eit gjennomgåande krav:

"Det første året må ha eit klart førskulepreg, og ein må leggja vekt på læring gjennom leik og aldersblanda aktivitetar på heile småskulesteget." (L97, s.73)

Aldersblanda aktivitetar har ein alltid i fådelt skule, og i læring gjennom leik er det spesielt viktig. Ingen stad er læraren si "belæring" mindre eigna. Derimot veit ein at barn er på topp i leikekulturen i 11-12 årsalder, og alt i 8-9 årsalder er ungane svært dyktige til å planleggje, organisere og gjennomføre leikeaktivitetar. Dette ligg det heilt naturleg til rette for i grendeskulane.

Vidare skal temaorganisert opplæring ha stor plass på dette steget, og det blir sagt at elevar i ulik aldrar må få høve til å arbeide sjølvstendig og til å arbeide saman, slik at dei kan lære av kvarandre og oppleve gjensidig omsorg og respekt. Etter at alderssegregering har vore idealet i norsk skule i over 100 år, er det positivt at læreplanen no tek konsekvensen av dei føremonane ein i dag veit at arbeid i aldersblanda grupper kan ha.

På mellomsteget trer faga tydelegare fram, men framleis skal arbeid på tvers av faga, temaorganisering og prosjektarbeid ha stor plass. Her blir aldersblanding meir knytt til utvikling av sosiale evner og utdjuping av sosiale relasjonar. Dette er også i samsvar med det forskinga har synt om at det er på den sosiale utviklinga aldersblanding har dei aller største føremonane.

Kravet om aldersblanding er tona noko ned, frå klare pålegg på småskulesteget til bør på dette steget:

"Skulearbeidet bør organiserast slik at elevane kan utføre oppgåver saman - også på tvers av klassar og klassesteg." (L97, s.74)

Andre krav på dette steget, som at elevane skal lære og arbeide sjølvstendig, utvikle gode arbeidsvanar og gradvis ta meir ansvar for å planleggje si eiga læring, ligg det godt til rette for i grendeskulane. Særleg har grendeskulelærarane alltid måtta lære elevane tidleg til å arbeide sjølvstendig, fordi med fleire årskull i klassen, må nokre elevar (eitt eller to årskull) i delar av skuledagen arbeide sjølvstendig, medan læraren gjennomgår nytt stoff med eitt av årskulla.

At elevane kan arbeide sjølvstendig og kan planleggje si eiga læring vil vere svært nyttig for elevane ved overgang til ungdomssteget, der dette er eit uttrykt krav. Elles er alt elevane skal gjere og arbeide med på ungdomssteget utover det å arbeide med det felles lærestoffet, som praktiske og handlingsretta aktivitetar, deltaking i kultur- og fritidsaktivitetar, midt i blinken for fådelte ungdomsskular. Generelt vil det også i eit mindre og meir oversiktleg skulemiljø som ein fådelt ungdomsskule er, vere lettare å gje elevane ansvar både i prosjektarbeid og ved innhenting av informasjon på skulebibliotek, på internett og i lokalmiljøet.

3.7. Den aktive, handlande og sjølvstendige elev

I dei arbeidsmåtane som her blir tilrådde er det den aktive, handlande og sjølvstendige eleven som er idealet, og på ein grendeskule med aldersblanding, færre elevar pr. lærar og oversiktleg miljø både på skulen og i lokalsamfunnet, skulle det liggje godt til rette for å realisere desse arbeidsmåtane. Fleire av arbeidsmåtane har grendeskulane måtta praktisere fordi det har vore det einaste mogelege med fleire årskull i klassen. Eit døme på dette kan vere sjølvstendig arbeid, som er gjort greie for i førre avsnitt. Andre arbeidsmåtar har vorte nytta fordi ein gjennom praksis har sett at dei har fungert godt. Eit døme på det siste kan vere aldersblanding i prosjektarbeid som mange grendeskular lenge har praktisert. Dei eldste elevane kan då ta naturleg ansvar, lære opp dei yngre og ta dei med ut i lokalsamfunnet..

3.8. Læremiddel, skulebibliotek og IT.

Læremidla har nær samanheng med arbeidsmåtar. Dei skal vere motiverande og aktiviserande, og dei skal vere til hjelp både i sjølvstendig arbeid og i samarbeid mellom elevane. L97 stiller ikkje direkte krav til læremiddel, men seier følgjande:

"Læremiddel omfattar tekster, lyd, og bilete, IT-relaterte læremiddel og lærebøker som er produserte for å ta seg av bestemte opplæringsmål. Det kan og vere materiell som opphavleg har andre formål, som t.d. avisartiklar, spelefilmar eller skjønnlitteratur." (L97, s.78)

Det er nok på dette området grendeskulane står svakast rusta. Det seier seg sjølv at ressursane til læremiddel blir mindre på ein skule med 20 enn med 200 elevar. Men det gjeld då å utnytte dei ressursane som finst på ein god måte.

På to område har læreplanen krav til alle skular. Det gjeld skulebibliotek og informasjonsteknologi.

Skulebiblioteket skal i følgje læreplanen ha ein sentral plass i opplæringa. I mange bygder har ein samlokalisert skule- og folkebibliotek på skulen, og elevane får då tilgang på langt fleire bøker enn om ein berre skulle ha skulebibliotek. I tillegg gjer det skulen til ein møte- og samlingsplass for heile bygda. Bokbuss- eller båt kan vere gode erstatningar for å stimulere leselysta, men dei kan ikkje på same måte nyttast i den daglege undervisninga.

Informasjonsteknologi er også eit læremiddel der det står skal i læreplanen. Det er såleis noko alle skular har pålegg om å la elevane møte, få kunnskap og innsikt i og praktisk røynsle med. Utviklinga på dette området går raskt, og det kan vere vanskeleg for alle skular å følgja med. Av det eg har sett dei siste åra så ligg ikkje grendeskulane tilbake på dette området. Mange små skular samarbeider og utvekslar erfaringar. Dessutan treng ikkje skulen mange datamaskiner for å la elevane prøve. Som døme kan det nemnast ein to-delt skule med 25 elevar. Skulen hadde lenge berre ei datamaskin. Elevane arbeidde etter arbeidsplan, og på arbeidsplanen var det kvar veke lagt inn arbeid som elevane skulle utføre på datamaskin. Kvar elev fekk såleis i gjennomsnitt minst ein time pr. veke ved maskin og elevane fekk nytta elektroniske hjelpemiddel som praktisk reiskap i arbeid med fag, nett slik læreplanen krev.

3.9. Tema-og prosjektarbeid

Tema-prosjektarbeid har fått ein stor plass i læreplanen, og byggjer på anerkjende pedagogiske teoriar om læring. Det gjeld læring gjennom eigenaktivitet og betydninga av ansvar for eiga læring. Nokre av arbeida skal vere aldersblanda. Aldersblandinga har ein i utgangspunktet i grendeskulane, og sjølv om skulekrinsen kan vere stor i areal, så er det likevel som regel eit oversiktleg bygdemiljø som elevane lett kan få oversikt over og gå ut i. Kravet i L97 om at elevane skal vere forskarar i sitt eige lokalmiljø, er som regel lett å realisere i grendeskulane.

3.10. Aldersblanda og frie aktivitetar

Aldersblanda og frie aktivitetar er noko alle elevar har rett til iflg. L97.

Aldersblanding blir mest poengtert på småskulesteget, men elevane skal også ha høve til å arbeida i aldersblanda grupper på dei andre stega. Aldersblanding er kvardagen i grendeskulane og såleis noko alle elevane får del i. Frie aktivitetar har i L97 fått 247 timar på småskulesteget. Timane skal nyttast til leik og aldersintegrerte aktivitetar. Ein liten skule er som regel fleksibel og finn gode lokale løysingar på dette. Fresvik skule har lagt dei frie aktivitetane til barnehagen på morgonen, då er det plass i barnehagen og aktivitetane kan vere både aldersblanda og leikprega.

3.11 . Skulen og elevane sine val

Skulen og Elevane sine val kjem saman med tilvalsfaga i staden for dei noverande valfaga. Tilvalsfag er lagt til ungdomssteget, medan vala til skulen og elevane er lagt til alle steg.

Skulen sitt val skal utformast ved den enkelte skule, og skal bidra til å profilere skulen og til å fremja skulen si aktive rolle i lokalsamfunnet.

At skulen sine val blir utforma ved den enkelte skule, gjer det mogeleg å velja satsingsområde ut frå lokale interesser og praktiske føresetnader.

Leiinga ved skulen, lærarane, elevane og foreldra skal samarbeide om den lokale profileringa av skulen.

Elevane sine val kan knytast til skulen sine val, eller skulen sine satsingsområde. Det vil vere mest aktuelt på småskulesteget. Vidare må elevane få høve til å velje arbeidsområde og aktivitetar ut frå fritidsaktivitetane sine. Elevane sine val kan også byggje på tilhøve i nærmiljøet, og her syner praksis at elevane har stor fantasi. Omsorgsoppgåver, som hjelp til eldre eller kafedrift på skulen, er døme på elevane sine val.

Elevane kan og velje aktivitetar som byggjer på elevane sine interesser innafor ulike kunnskapsområde i fag eller på tvers av fag, og endeleg kan aktivitetar som inngår i vidaregåande opplæring vere aktuelle val på ungdomssteget.

Det blir poengtert at elevane må få erfaring med å ta ansvar for eigne val og eiga læring.

Elevane sine val skal utformast i samarbeid med elev - klasseråd.

Elevane sine val tek sikte på at elevane i ein eller fleire periodar av året fordjupar seg i teoretiske eller praktiske oppgåver. Ein viktig del av læringa blir dermed å velje. Interessene og føresetnadene til elevane er sentrale i Skulen og Elevane sine val. Den enkelte elev skal føle at skulen tek hans eller hennar interesser på alvor.

Det går klart fram av at Skulen og Elevane sine val er OBLIGATORISK, og at alle skular i det lokale arbeidet med læreplanen, skal laga ein plan for dette.

I læreplanverket har "Skolens og Elevenes val" fått ein eigen plass(s.331 - 335) og departementet skal lage eit rettleiingshefte til arbeidet med å gjennomføre dette temaet i praksis.

Skulen og elevane sine val har følgjande mål:

I seinare tid har ein sett at mange grendeskular har valt å starte med elevbedrifter. Elevbedrifter kan såleis vere eit satsingsområde for skulen, og "elevbedrift, entrepenørskap, distriktsaktiv skole" er i L97 nemnt som eit døme på tiltak elevane sjølve kan velje.

Det er verdt å merka seg at L97 tilrår at både på småskulesteget og mellomsteget bør elevane kunne velja aktivitetar som er aldersintegrerte. Dette ligg det godt til rette for i grendeskulane der ein likevel har aldersblanding.

Det er altså ei blokk på til saman 418 timar som kvar skule skal laga ein plan for. Det er nytt, men mykje av det som skal inn i blokka har mange skular alt gjort mykje av. Skulen sitt val er ei vidareføring av den lokale profileringa som mange skular har arbeidd med i mange år. Jostedal skule(to-delt) har t.d. i 18 år gjeve ut ei skule- og bygdeavis, som kan vere skulen sitt val, og at elevane vel å arbeide med ulike oppgåver i tilknyting til avisa, kan vere elevane sine val.

Entrepenørskap/elevbedrifter som mange grendeskular har gode erfaringar med, kan gå inn i skulen og elevane sine val. Fleire av desse er omtalt i Fådeltskolen(medlemsblad til Landslaget for udelt og fådelt skule), t.d. Ness skole nr.3/1996, Maridalen skole nr.5/1997, og Kyrkjebø skole nr.4/1998.

Konklusjon på del 3.

Heilskapsinntrykket er at grendeskulane er godt rusta til å møta dei krava som læreplanverket stiller til skuleverket. Dessutan er dei små fleksible og kan lett omstille seg til nye krav og forventningar.

Grendeskule er ikkje noko avlegs skuleslag. Vi kan såleis lett slutta oss til tittelen i eit lesarinnlegg som dåverande leiar for Kyrkje -, utdannings og forskningskomiteen, Jon Lilletun hadde i fleire aviser hausten 1996: Grendaskulane - framtida sin kvalitetsskule.


Del 4 . Krav til saksutgreiinga i skulenedleggingssaker


Del 5. Strategi mot nedlegging av skular


Del 6. Gjeldande forvaltningsreglar


KJELDER