Dei siste vekene har det vore ein del avisoppslag om at det framleis er store effektiviseringsgevinstar i skuleverket, og det føreligg «tunge» rapportar som syner kor mykje det er råd å spare på skuledrifta i landet vårt.
Eg har ikkje lese desse rapportane, men ut frå omtalen oppfattar eg det slik at dei ser på produktet som resultata i skulefag, og desse kan ein oppnå med å gjere elevgruppene større.
Eg vil her ta opp nokre moment som er viktige og som tel mykje både for elevar, føresette og bygdene, men som ikkje blir talde med i dei tala og modellane som økonomane opererer med. Difor tittelen på artikkelen.
Elevane si reisetid og totale arbeidstid
Folk bur spreidd i Noreg. Skal det bu folk i bygder som Veitastrond, Jostedal og Fresvik, må dei ha skule. Om elevgruppene skal bli så store som opplæringslova tillet, kan elevane få både 1,2 og 3 timars reisetid kvar dag. Dette tel mykje for elevane, men blir aldri talde i dei økonomiske modellane. Elevane får såleis urimeleg lange arbeidsdagar og redusert fritid. Dei økonomiske kostnadane med skyss kan nok teljast, men blir ikkje alltid talde med.
Elevane og føresette sin angst for skulevegen
Dessutan er det fleire stader rasfarlege vegar som det tel mykje for føresette at borna deira slepp å ferdast i kvar dag. Elevane får også angst for skulevegen. Det blir heller ikkje talt med at elevane truleg får færre skuledagar pga. stengde vegar. For å oppnå full effektiviseringsgevinst reint undervisningsmessig, må me nok ta i bruk elevinternat igjen, og då må kostnaden med dei også teljast.
Skulane administrerer fleire tenester utanom den obligatoriske opplæringa
Skulane i bygdene er sjeldan «reine» skular, men administrerer fleire tenester som kulturskule/musikkskule, barnehage, SFO, vaksenopplæring, bibliotek m.m. Dette er tenester som det tel mykje for bygdene å ha, og som er avgjerande om ikkje avfolkinga skal skje endå raskare enn den gjer, men blir ikkje talde med når effektiviseringsgevinstar i undervisninga blir utrekna. Innsparing i skulesektoren fører til auka kostnader i andre sektorar.
Skulen gjev bygda identitet
Skal eit lokalsamfunn overleva trengst det eit minimum av servicefunksjonar. Når postkontora etter kvart har forsvunne, og nærbutikkane også mange stader blir lagde ned, blir skulen ofte den siste felles møteplassen i bygda, og difor heilt sentral om bygda skal overleve.
Skulen gir også bygda identitet gjennom å vere sentral i ulike markeringar og høgtider som julefestar, 17. maifeiring osv.
Skulen er nær heimane og lokalsamfunnet
Når det gjeld det første viser fleire forskingsrapportar at samarbeidet mellom heim og skule fungerer best i små miljø. Eg kan her spesielt referere til ein rapport frå Møreforsking Rapporten har tittelen Relasjonar som raknar (Kvalsund, Løvik og Myklebust 1991) som tyder på at relasjonane mellom skule og heim raknar i dei store skulekrinsane. Dei fann ut at frammøte til dugnad er best i små skulekrinsar. Foreldra medverka meir i undervisninga og dei hadde her størst frammøte på foreldremøte. Ulike former for uformell kontakt (prat med læraren, besøk på skulehuset og liknande) er det mest av i små skulekrinsar, og dei konkluderer med: «...samarbeidet er tettast og mest slitesterkt i dei små skulekrinsane. I dei store skulekrinsane er det tendensar til at relasjonane raknar.» (Møreforsking, rapport 9107).
Skulen i bygda blir opplevd som «skulen vår», og difor er interessa for skulen som regel stor ved slike skular. Dette gjer det lettare for læraren å få til ulike former for samarbeid med lokalsamfunnet, og drive lokalbasert undervisning. Ein ser det også ved at skulane får bruke området kring skulen til t.d. uteskule og andre uteaktivitetar både sommar og vinter.
At dette er framtidsretta, kan grunngjevast med at to av dei 11 grunnprinsippa i Læringsplakaten i det nye læreplanverket krev følgjande av skulen: «legge til rette for samarbeid med hjemmet og sikre foreldres/foresattes medansvar i skolen legge til rette for at lokalsamfunnet blir involvert i opplæringa på en meingsfylt måte».

Elevbedrift forsyner nærmiljøet
med sommarblomar.
Å involvere lokalsamfunn som ligg fleire mil unna skulen på ein meiningsfull måte, er ei stor utfordring for læraren. Dagleg bruk gjennom uteskule, uteaktivitetar og bruk av lokale læringsressursar er umogleg.
Skulen er ein viktig trivselskapar i ei bygd
Stundom blir det sagt at det er eit større tap for bygda, enn for elevane at skulen blir borte. Skulebygningen er ein sentral møteplass for lag og organisasjonar, for fritidsaktivitetar og kurs. Skulen ved elevar og lærarar står dessutan for mange sosiale tiltak i bygda. Juletrefestar og opne dagar i samband med og ved avslutning av ulike prosjekt er dei mest vanlege.
I eit skriv frå Barneombudet: «Nedleggelse av grendeskoler, konsekvenser for barna» blir det også slike konsekvensar av skulenedlegging poengtert:
«Lokalbefolkningen taper et samlingspunkt som kan brukes som kulturhus i mange sammenhenger. Ikke minst for å bidra til gode oppvekstvilkår for barn.»
Skulen fungerer som eit lokalt ressurssenter. Når ein ser på kva skulane omkring i bygdene driv med, ser ein at dei har teke på seg ei oppgåver ut over det å gi undervisning etter fagplanane. Kulepunkta under er berre eksempel på dei mange aktivitetane som føregår på skulane rundt om i bygdene:
- Natur- og kultursti som skulen har utarbeidd, og som har utgangspunkt i skulen
- Registrering og istandsetjing av kulturminne som stølar, kvernhus osv.
- Møtestad - kafe driven av elevar eller organisasjonar
- Uteområde med leikeplass for borna og idrettsplass for alle
- Kursverksemd for alle aldersgrupper
- Presentasjon av lokale utøvarar ved husflidsutstilling
- Ungdomsklubb – velforeining, bygdelag og idrettslag driv i samarbeid med ungdommen ein ungdomsklubb som er eit tilbod på fredagskveldar haust og vinter
- Ungdomsbedrift
- Skulen tilbyr tenester som kopiering og IKT-teneste.
- Elevane kan t.d. vere rettleiarar i internettbruk.
Skulen som ressurs i utvikling av lokalsamfunnet
Dei siste åra har skulen fått ei viktig rolle i å gje borna kunnskap om og positive haldningar til entreprenørskap og etablering av eigne verksemder. Gjennom å lære om næring, kultur og tradisjonar i lokalsamfunnet, vil elevane få eit fundament for å sjå muligheitene i dette lokalsamfunnet. Entreprenørskap er bl.a. å bruke lokale ressursar på ein produktiv og meiningsfull måte. Dette må ta utgangspunkt i eit lokalsamfunn som elevane kjenner, og den satsinga på entreprenørskap som no skjer i skulen, vil vere meiningslaus om elevane kvar dag må reise fleire mil frå sitt eige lokalmiljø til skulen
Skulane er ein føresetnad for desentralisert busetnad.
Små skular som ikkje er effektive om ein berre bruker det som kan teljast, er ikkje berre viktige for elevane og bygdene, men også for storsamfunnet.
I mange små bygdesamfunn er skulen einaste offentlege investeringa ved sida av vegen. Å ta frå ei bygd skulen vil ikkje berre vere eit tap for bygda, men også eit tap for storsamfunnet om ein framleis ynskjer at det skal vere levande bygdesamfunn i Noreg.
Dei fleste politiske parti vil oppretthalde ei desentralisert busetjing. Skal dette vere meir enn fagre ord, er ein desentralisert skulestruktur ein av dei viktigaste byggjesteinane for å oppnå dette. Ein ser dette i bygd etter bygd. Når skulen forsvinn, blir bygda mindre attraktiv å busetje seg i. Dette gjeld særleg for unge menneske og familiar med småbarn. Dersom skulevegen blir lang og farefull, hender det at familiar med småbarn flytter. Alt dette medfører forgubbing.
Skulen er viktig for å rekruttere arbeidskraft og næringsverksemd i bygda som jordbruk, fiske og småindustri får vanskar med å skaffe arbeidskraft. Nyetablering av arbeidsplassar blir vanskeleg/umogeleg, og i praksis skjer det aldri. Entreprenørskapssatsinga kjem neppe bygder utan skule til gode.
Skulen gjev bygda ein samlingsplass. Ein slepp å reise ut av bygda for å drive ei rekkje kulturelle og sosiale aktivitetar. Ved sida av arbeidsplassar er skulen den viktigaste føresetnaden for busetnad i mange utkantbygder. All erfaring viser at når ein har vakse opp i ei bygd og gått på skule der, er det også større sjansar for at ein vil busetje seg i bygda.
|