skoleplassen4.gif (4763 bytes) Kameratundervisning
I boka "Læringsrevolusjonen" av Dryden&Vos blir kameratundervisning beskrive som eit enkelt og effektivt program for forbetre elevane si leseevne. Programmet byggjer på "pause, lese vidare og rose-teknikkar".

Programmet går ut på at ein elev i grunnskulen ganske enkelt får høve til å fungere som mini-lærar for ein annan elev. Vanlevis ligg mini-læraren sitt kunnskapsnivå berre litt framfor den andre eleven – slik at begge kan lære av programmet. Mini-læraren er ikkje av dei beste elevane i klassen – sjølv om det er store sjansar for at vedkommande kan bli det. I praksis er det undervisning mellom to elevar utan at ein treng å bruke altfor mykje av ein vaksen lærar si tid. Kvar mini-lærar får opplæring i "pause, les vidare og rose-teknikkar": til å rose godt gjort arbeid med ord som ungane sjølve brukar ("kult", eller "det var supert gjort") til å ta ti sekundar pause dersom lesaren vanskar (slik at mini-læraren kan få ein sjanse til å finne ut korleis han kan hjelpe eleven) og til å komme med framlegg.

Resultata blir oppsummerte slik (Dryden&Vos s.383) :

"Vi har hatt mini-lærere som, da de begynte leseprogrammet, lå omtrent ett til halvannet år etter sin kronologiske alder, og som har tatt igjen opp til to år etter at de arbeidet med programmet i rundt ti uker".

I løpet av seks månader har den gjennomsnittlege gevinsten for mini-lærarar vore fire år – og for elevane dei underviser har gevinsten vore i overkant av to år.

Prinsippa for kameratundervisning blir oppsummerte slik:

1. Lesenivået til elevane blir først sjekka

2. Elevar blir sette saman i par med ein kamerat som kan lese litt betre enn den andre

3. Bøker blir valde ut for det rette lesenivået, interessa og alderen

4. Dei elevane som skal stå for kameratundervisninga er blitt opplærde til å bruke ei enkel sjekkliste, som viser korleis dei skal bruke "pause, les vidare og rose-teknikkar".

5. Foreldra blir haldne fullstendig informerte, bøker blir tekne med heim kvar dag og ein fører ei oversikt over dei bøkene elevane allereie har klart å lese

6. Denne forma for undervisning bør finne stad dagleg eller minst 3 gonger for veka

7. Kvart par bør spele inn arbeidet sitt på ein kassett

8. Læraren har oppsynet med innspelingane for å sjekke framstega i både lesinga og kamerat-undervisninga

Kjelde: Dryden&Vos: Læringsrevolusjonen, En praktisk håndbok i livslang læring, Odessey of Mind, 3954 Nissedal, s. 380-383, ISBN:82-91596-01-8,

Kristoffer Melheim