SUPER-LAKSEN
Elevbedrift ved Guddal skule

Guddal skule har alltid lagt vekt på uteundervisning og opplegg der elevane "får stikke fingeren i jorda" Vi bruker ulike hendingar og aktivitetar i bygda i undervisningssamanheng så ofte vi kan. Av den grunn får elevane ved Guddal skule vere med å gjere ein innsats for bygda. Dei ser og utfordringane i ei lita bygd og dei lærer at det nytter å gjere noko med dei.
Ikkje minst  gjev  uteundervisninga elevane positive opplevingar av den vakre naturen vi har.
Dette fører og til at elevane ser verdiar og kvalitetar som kan vere med å skape nye næringar i framtida.
 
Sur nedbør var eit stort problem i Guddalen tidleg på 1990-talet. Elevane ved Guddal skule har sidan den gongen teke over 1500 vassprøver som dokumenterte kor surt vatnet eigentleg var. I dag er fleire fjellvatn kalka og laksen i vassdraget er redda.
 
Vi har gode forhold for fiske i Guddalen. Dette har vi nytta i undervisinga på ulike måtar.
 

Etablert i 2002

I 2002 kom ein elev med spørsmålet om skulen ikkje kunne selge røykelaks.
Dette var kimen til elevberdifta "Super-Laksen" som vart starta i 2002.
 
Her ser vi nokre av elevane på "Lakse-natt i Flekke". Denne natta er det ikkje lov å sove. Vi fisker, et og koser oss. Dette biletet er teke ca. klokka 2 om natta. Vi griller.
 
Her klypper vi eine på Huseklepp. Eine har vi nok av i Guddalen. Røyksmaken av eine må berre opplevast. Vi bruker berre dei ytterste grøne nålene på einen fordi dei gjev best røyk  
Plastbaljane som laksane skal ligge i, må vere heilt reine. Dette er svært viktig. Det ligg ein laks i kvar plastbalje for at saltinga og sukringa skal verte perfekt tilpassa kvar fisk.
 
Laksane kjøper vi frosne. Her ligg laksane til tining i 2 døgn.
 
Her ser du korleis laksen vert skoren opp. Rektor skjer ut ryggbeinet med ein skarp og stor kniv.
 
Her trekkjer vi ut beina. Dette krev konsentrasjon og nøyaktig arbeid. Vi vil at kundane våre skal få ein god røykelaks utan bein i kjøtet. Det er omlag 60 bein i ei lakseside. Til jul i 2004 trekte vi ca. 3600 bein.
 
Her veg vi opp salt og sukker. Dette er nøyaktig arbeid. Bommer vi her, kan laksen verte for salt.
 
Her ser vi korleis laksen ligg når den er ferdig salta og sukra. Slik ligg
laksen i tre døgn.
Salt og sukker trekkjer vatn ut av laksesidene slik at dei vert lettare og fastare i fisken.
Etter 3 døger vert laksen bada i kaldt vatn og lagd til tørk før røyking.
 
Her heng laksen i den ca. 250 år gamle jordkjellaren på Huseklepp. Her røyker vi.
Dette er nokre av laksesidene vi røykte for Dale vgs. Laksen vart send til Ireland.
 
Her ligg laksen til tørk etter at den er røykt. Til jul i 2004 røykte vi 60
sider av laks på 7 kg.
Vi hadde bestiling på 75. Vi har med andre ord eit luksusproblem.
Bestillingane er større enn det vi makter å levere av Super-Laksen. Har du lyst å smake Super-Laksen, kan du ringe skulen på tlf. 57738854. Vi sender vakumpakka Super-Laks i posten. Vi skal sjå om vi finn plass til deg på lista vår. Neste røyking er til jul i 2005. Nesten heile produksjonen er alt oppbestilt i mai 2005. 
 
Her reknar vi ut kor mykje kvar enkelt skal betale. Dette er ein fin måte å lære matematikk på.
 
Her vakumpakker vi laksen som skal sendast i posten. Vakumpakka laks kan ligge over ein mnd. uopna i kjøleskåp.
 
Her ser vi litt av laksen som er pakka. Når vi ikkje vakumpakker, bruker gråpapir til innpakking av Super-Laksen. Dette papiret trekkjer til seg fuktigheit og feitt som er til overs.
Laksen er ein feit fisk.
Til jul i 2004 sende vi vakumpakka laks i posten heilt til Fredrikstad. Det gjekk veldig bra. I april 2005 røykte vi 12 laksar som skulle vere norgesreklame i Ireland
Skuleåret 2004-2005 hadde vi ei omsetjing på 37.373,- kroner. Utgiftene var 29.619.
Pengane vi tener, bruker vi på utstyr til produksjonen og reiser der vi lærer meir. Vi har m.a. vitja Norsk hjortesenter på Svanøy. Dei lagar m.a.gode pølser av hjortekjøt.
 
Her er vi hos Jarl Iversen i Holmedal. Han lager masse godt av m.a. sau, geit og gris.
 
Bergen er ein populær by for Super-Laksen. Der bur vi på hotell og har besøkt mange spennande stader som vi tek bilete av og skriv om seinare.
Våren 2005 skal vi til Evanger mellom Bergen og Voss og lære meir om Gilde sitt røykeri for kjøt og pølser.
 
Her er vi på besøk hos Nygårdsgatens røykeri i Bergen. Der røyker dei laks og andre fiske slag.
 
Her fører vi rekneskap på pc og rekneark. Tala viser til slutt kor mykje vi har tent, og kor mykje vi har hatt i utgifter. Skuleåret 2004-2005 hadde vi ei forteneste på kr. 7754.
 
Vi har også røykt røye eller røyrkjø som vi seier i Guddalen. I
Hovlandsdalsvatnet finst det mykje røyrkjø.
Hausten 2005 skal vi samarbeide med Fjaler usk. Dei skal fiske makrell og vi samarbeider om røykinga.
 
Vi har også laga ein del profileringsartiklar. Logoen vår er fin.
Desse Super-Laks produkta kan du kjøpe på nærbutikken i Guddal.
Det er krus,caps og t-skjorte.