| L97 × L97S | IDÉHEFTE |
| ARBEID I UDELTE OG FÅDELTE SKULAR | Innhald |
| Hent heftet her. (Last ned og dobbelklikk på fila:) Word97-format 1,5Mb RTF-format 3,6 Mb |
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet 2000.
| FORORD Som oppfølging av læreplanverka for den 10-årige grunnskulen har departementet gjeve ut rettleiingar og idéhefte for arbeidet på ulike område og fag. Sjølv om måla og innhaldet gjeld for grunnskulen generelt, må opplæringa i udelte og fådelte skular organiserast og tilpassast på andre måtar enn i fulldelte skular. Det har derfor vore eit ønske om å få gje ut eit idéhefte som tek for seg organiseringa av arbeidet i dei udelte og fådelte skulane. Siktemåla med dette heftet er:
Arbeidet med idéheftet er lagt opp i samråd med Landslaget for Udelt og Fådelt Skole (LUFS). Hefte er utarbeidd i samarbeid med Høgskulen i Sogn og Fjordane (HSF). Førstelektor Kristoffer Melheim har stått for arbeidet med å redigere heftet. Heftet er ikkje meint å vere ei "kokebok" for arbeidet i fådeltskulen. Meninga er å gje idear til dette arbeidet. Vi vonar òg at dei praktiske døma frå ulike skular kan vere til nytte for arbeidet i udelte og fådelte skular kring om i landet. Dette gjeld òg dei skulane som arbeider etter L97 Samisk. Vi takkar alle som har vore med og gjeve innspel til arbeidet.
Oslo 2000. Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet |
| |