"Kunnskapsløftet" i
oppvekstsenter

AKTIVITETSOVERSIKT-
OVERGANG BARNEHAGE – SKULE

  Valsvik skule
november 2006

 

Me i Valsvik skule og barnehage har eit tett og godt samarbeid personalet i mellom. Dette har etter kvart resultert i mange felles aktivitetar for barnehage- og skuleborn, noko som igjen fører til ein positiv overgang frå barnehage til skule. Både inne- og utemiljøet, personalet og ungane er kjende for borna før dei skal byrje på skulen. Dette vil gjere det mindre "skummelt" å byrje i 1. klasse. Me har spesielt i samband med høgtider ein del felles aktivitetar i tillegg til andre planlagde og uformelle aktivitetar i kvardagen.

Me har etter kvart sett opp ein del aktivitetar som er blitt tradisjon for oss. Det er:

  • Musikk saman med 1.og 2. klasse annankvar veke, stort sett heile skuleåret med unnatak av periodar med prosjektarbeid for skuleelevane.
  • Uteskule 2 gonger i året saman med alle skuleelevane og dei vaksne på skulen. Her er som oftast ingen vaksne frå barnehagen med.
  • Besøk på skulen 2 føremiddagar om våren, tett inntil sommarferien. Her får 5åringane bli kjend med lokala dei skal komme tilbake til etter ferien og i tillegg bli betre kjend med dei vaksne på skulen.
  • Songleikar med 1. og 2. klasse 4 gonger i året.
  • Juleverkstad med heile skulen, i skulen sine lokalar.
  • Nissemarsj saman med heile skulen.
  • Me går Lucia saman med 1., 2. og evt 3. klasse
  • Juleavslutning rett før juleferien saman med heile skulen.
  • Adventsstund saman med heile skulen kvar måndag morgon i adventstida
  • Påskelunsj med heile skulen der alle er med og førebur måltidet.
  • Felles øving på 17.mai tog og evt program til 17.mai-feiringa.
  • Sommarfest heilt i slutten av skuleåret, med ein del førebuing av felles program og aktivitetar.
  • Lesestund der dei eldste elevane på skulen tek med seg ein unge kvar for å lese ei bok til dei.

I tillegg til alle desse felles planlagde aktivitetane har me mykje uformell kontakt i det daglege. F. eks:

  • Ungane er med når me skal kopierer noko oppe på skulen.
  • Me har ein del felles utetid der barnehageborna blir kjend med både elevane og dei vaksne på skulen.
  • Me går av og til på biblioteket, som ligg i 2.etg, i samband med skulen sine lokale.
  • Elles andre ærend som dei vaksne har oppe på skulen med beskjedar eller overlevering av brev el.l.